Vinje går for alternativ nord

Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje kommune og dei andre medlemene i kommunestyret ville ha kortaste veg gjennom Telemark. Foto Senterpartiet.

Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje kommune og dei andre medlemene i kommunestyret ville ha kortaste veg gjennom Telemark. Foto Senterpartiet.

Vinje kommunestyre vedtok i dag samrøystes å slutte seg til tilrådinga frå Statens vegvesen for trasé for ny E134 gjennom Telemark. Med dette har endå ein kommune i fylket gått inn for alternativ nord – altså ein heilt ny trasé frå Svartdal gjennom Øyfjell og Våmartveit til Grungedal. Og måndag  denne uka gjekk også samferdsleutvalet i fylkeskommunen for det nordlige alternativet, som gjer at hovudvegen mellom aust og vest kortast inn frå 120 km til 85 km.

”Dette blir ei nasjonal transportåre, me kan ikkje sitje på våre eigne krakkar og vera egoistar”, sa Bjørn Arne Lindskog (H) i kommunestyremøtet, skriv Vest-Telemark Blad i referatet frå møtet. Dei aller fleste andre som gjekk på talarstolen meinte òg at nord-alternativet var mest realistisk.

– Arbeidsmarknaden blir utvida, og fleire kan dag- og vekependle. Det er bra for hyttemarknaden, og næringslivet i Oslo og andre sentrale stråk får betre tilgang til næringslivet i kommunen, sa Liv Sigrun Nykos Midtun (Sp).

Avisa skriv at Bibbi Tveito (Sp) var usikker på kva for trasé som  ville vere best for ulike lokalsamfunn, og ga i ei prøverøysting støtte til det søre og lengre alternativet om Seljord. Det same gjorde Baiba Sheine (SV), som meinte at det var naudsynt å snakke om tog, ikkje berre om veg.

Til slutt let dei likevel legge mest vekt på overordna omsyn,  stemte med fleirtalet. Dermed kom det eit samrøystes høyringsinnspel frå Vinje til støtte for alternativ nord i konseptvalutgreiinga frå Statens vegvesen.

Stortingsrepresentant for Telemark Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, sa 2. november til NRK Telemark at ho vil støtte det trasevalet som Telemark går inn for. Sundbø Abrahamsen seier ho har stor respekt for den høyringsprosessen som går føre seg, og som no ser ut til å ende opp med sterk større til alternativ nord.

Share This