«Vil ha ny E134-trasé om Øyfjell»

trase-telemark-svv

To alternativ for ny trasé i Telemark – både to kortare enn dagens. Kart Statens vegvesen.

«No er tilrådinga til Vegvesenet klar: Ny innkorta trasé nord for dagens E134, over Svartdal og Øyfjell. Det vil gjere vegen 35 kilometer kortare, og vil kunne korte ned reisetida med meir enn 50 minuttar,» skriv Vest-Telemark Blad i eit intervju med Morten Ask, prosjektleiar for konseptvalutgreiinga som Statens vegvesen har utarbeidd på bestilling frå Samferdselsdepartementet. I den nye traseen er det lagt inn trefelts veg på delar av strekninga, og i lange tunelløysingar er det på grunn av tryggleiken to løp ved sida av kvarandre, med to felt i kvart. Dette er ein hovudårsak til dyrare totalkostnad. – Blir det enorm trafikk på E134 kan vegen bli firefelts i framtida, seier Ask.

Les heile intervjuet i Vest-Telemark Blad for 02.09.16

Share This