«Vegforum misnøgd med regjeringa»

Asbjørn Gardsjord (t.v.) og Nicolai Østhus undrar seg over at regjeringa ikkje vil utgreie arm frå Odda til Bergen.

Asbjørn Gardsjord (t.v.) og Nicolai Østhus undrar seg over at regjeringa ikkje vil utgreie arm frå Odda til Bergen.

«At regjeringa ikkje vil utgreie arm frå Odda til Bergen fell ikkje i god jord hos Vegforum aust–vest. Og foreininga bed Samferdsels-departementet gå for éin lang Haukelitunell», skriv Geir Ufs, journalist i Vest-Telemark Blad, i eit oppslag i avisa. «Vegforum aust–vest har sendt ei høyringsfråsegn til Samferdselsdepartementet i samband med grunnlagsdokumentet Vegvesenet har gjeve ut for ny Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029,» skriv journalisten, og viser til Asbjørn Gardsjord og Nicolai Østhus. Dei «undrar seg over at regjeringa ikkje vil utgreie arm frå Odda til Bergen, slik Vegvesenet vil», skriv avisa. Artikkelen kom ut på prent og nett 28. juli.

«Forumet minner innleiingsvis om at samfunnsøkonomisk lønsemd går som ein raud tråd gjennom heile grunnlagsdokumentet.

‘Me noterer derfor med undring at regjeringa har endra planføresetnadene for det mest lønsame vegprosjektet (E134) i Noreg, slik at dette har fått halvert lønsemda. Dette har skjedd ved at regjeringa har tatt bort den planlagde armen til Bergen (Hordalandsdiagonalen) som blei tilrådd av Vegvesenet i aust–vest-utgreiingane’, skriv vegforumet.

Det blir vist til at ved å fjerne armen mot Bergen vil den samfunnsøkonomiske lønsemda ved E134-alternativet bli redusert frå 26 til 12 milliardar kroner. Samstundes har regjeringa vedteke vidare utgreiingar av dei minst lønsame aust–vestalternativa; Hardangervidda (RV7) og Hemsedal (RV52). Dei har samfunnsøkonomisk lønsemd på høvevis minus 12 og minus 14 milliardar kroner.

Kortare planleggingstid

‘Av regjeringa sine konklusjonar på aust–vestutgreiingane går det fram at E134 skal vere eitt av hovudsambanda. Me kan likevel ikkje sjå at prioriteringa av E134 kjem til uttrykk i investeringsframlegga for NTP 2018–2029, snarare tvert imot’, skriv vegforumet til departementet.

Med armen mot Bergen på plass meiner Vegforum aust–vest det vil vere trafikkgrunnlag for ein firefelts veg på heile strekninga mellom aust; krysset E6 ved Vassum i Frogn kommune og Haugesund i vest. Foreininga meiner ein derfor i vidare planlegging av E134 må ta høgde for at heile vegen blir bygd som firefelts veg, mellom anna ved bandlegging av areal og ved utforming av vegen sin geometri. Vidare at dette blir gjort også for den mellomliggjande strekninga mellom Notodden og Jøsendal.

Eit anna moment vegforumet peikar på er å vurdere endringar i lovverk og forvaltingspraksis med sikte på å redusere den lange planleggingstida vegprosjekt.

‘Det må snarleg setjast i gang arbeid med konseptvalutgreiing for armen mot Bergen.’

Tilsvarande utgreiing

Vegforumet meiner føresetnaden for ei vidare utgreiing av RV7 må vere ei tilsvarande utgreiing av E134 med arm mot Bergen, slik at det ligg føre fullstendige og likeverdige vedtaksgrunnlag for val av alternativ.

‘Det må derfor snarleg setjast i gang arbeid med konseptvalutgreiing (KVU) for armen mot Bergen slik Vegvesenet har gjort framlegg om i aust–vestutgreiingane. Uavhengig av konklusjonane frå KVU-arbeidet for RV7 og RV52 meiner me det er stor trong for ein rask og trafikksikker veg frå Odda til Bergen. Eit viktig grunnlag for denne vegen er alt lagt gjennom realiseringa av Folgefonntunellen og Jondalstunellen’, meiner Vegforum aust–vest.

Foreininga kjem vidare med merknad om at endeleg val av alternativ for framtidig samband mellom aust og vest må treffast på grunnlag av overordna nasjonale omsyn der samfunnsøkonomisk lønsemd er ein sentralt parameter.

Heilt uakseptabelt

Vegforumet meiner det bør setjast fortgang i arbeidet med planlegging og utbygutbygging av prosjekt på E134 mellom Kongsberg og Gvammen, og Gvammen–Vågslid. Ein kan på sistnemnde strekning spare fleire år med planleggingstid ved å gå direkte frå KVU til reguleringsplan med konsekvensutgreiing, og at ein sløyfer arbeidet med kommunedelplan.

Vidare vil foreininga at det blir bygd ein lang Haukelitunell frå Vågslid til Røldal for å få vintersikkert aust–vestsamband. I tillegg må tunellprosjektet Røldal–Seljestad bli realisert snarast mogleg.

‘Framlegget i grunnlagsdokumentet om byggjestart først i 2022-23 er heilt uakseptabelt. Me meiner også at det bør setjast i gang planleggingsarbeid for dei resterande delar av E134 mellom Haugesund og Drammen inkludert avgreiningar i vest mot Bergen og Stavanger. I tillegg ha avgreiningar i aust mot Grenland, Vestfold og vidare over Oslofjorden mot E6 og kontinentet’, avsluttar Vegforum aust–vest uttala sendt til Samferdselsdepartementet, med kopi til Stortingets transport- og kommunikasjonskomité og Vegvesenet,» skriv Vest-Telemark Blad vidare.

, , , ,

Share This