Tokke vil ha alternativ Nord – og utgreiing av bergensarm

Kommunestyret i Tokke – med ordførar Jarand Felland (Sp) i spissen – gjekk samrøystes inn for framlegget frå Ap og Sp.

Kommunestyret i Tokke – med ordførar Jarand Felland (Sp) i spissen – gjekk inn for framlegg frå Sp, Ap og KrF. Foto Senterpartiet.

Denne uka gjekk Tokke inn i rekka av kommunar i Vest-Telemark som vil ha den kortaste og mest lønsame traseen for E134 gjennom fylket, det vil seie Gvammen–Vågsli. I tillegg gjekk kommunestyret inn for at Statens vegvesen skal få grønt lys for ei konseptvalutgreiing av arm frå E134 til Bergen. Etaten ser det som viktig å gjere dette no, ettersom dette i serklasse er vegalternativet med høgst nytteverdi mellom Vestlandet/Bergen og Austlandet.

Kommunestyret i Tokke vedtok med 18 mot to røyster framlegg frå Sp, Ap og KrF med denne ordlyden:

”Tokke kommune støttar korridor Nord som alternativ for ny trasse for E134 Gvammen–Vågsli, på vilkår av at det er det sødre alternativet i korridoren som vert bygd.

Tokke kommune vil understreke at tilførselsvegen Dalen – Hmo – Øyfj (Fv45) og Krossli – Dalen – Åmot (Fv38) må rustast opp for å kompensere for at E134 vert lagt utanom kommunen.

KVU-utgreiing av armer til Bergen skal gjennomførast i første halvdel av neste nasjonal transportplanperiode.”

 

Share This