Raulandsalternativet – det desidert beste for Vest-Telemark

4_E134-2.0

Ketil Kvaale har i artikkel i Vest-Telemark Blad for 1. mars 2016 skulda Vegforum Øst-Vest for å samanlikna Raulands- og Seljordsalternativet ut frå ulike kriterier, slik at samanlikninga fell ut i Raulandsalternativet sin favør.

Vegforum Øst-Vest har i tidlegare høyringsfråsegner påpeika skilnadene i reiselengd mellom alternativa, og på det grunnlag argumentert for Raulandsalternativet. Vi har derimot korkje i høyringsfråsegner eller lesarinnlegg gjort slike samanlikningar som Ketil Kvaale tenkjer på.  Det har då heller ikkje vore naudsynt etter som Statens vegvesen sine analyser i aust-vestutgreiingane til fulle har vist at Raulandsalternativet er det i særklasse beste alternativet. Medan Seljordsalternativet ifølge Statens vegvesen har ei samfunnsøkonomisk lønnsemd på minus 1 mrd. kr, har Raulandsalternativet ei lønnsemd på pluss 12 mrd. kr, dvs. ein skilnad på 13 mrd. Kr. Det er med andre ord ingen likeverdige alternativ vi har med å gjere. Det er «ein verden» i skilnad. Sjølv om det no vert gjennomført ei konseptvalutgreiing for alternativa, er det ingen grunn til å tru at Statens vegvesen sine konklusjonar vert nemnande endra. Det måtte i så fall vera at det kom inn nye moment i saka i høve til dei føresetnader som Statens vegvesen tidlegare har lagt til grunn.

Vegforum Øst-Vest sin hovudinnvending til Ketil Kvaale sitt innlegg gjeld premissene for aust-vestutgreiingane. Når Samferdselsdepartementet i 2014 engasjerte sitt eige fagdirektorat (Statens vegvesen) til å greie ut aust-vestsambanda, var målet primært at utgreiingane skulle gje grunnlag for å prioritere mellom desse. Målet var mellom anna å finne fram til det alternativet som best kunne knyte saman dei befolkningstunge områda på Austlandet (Oslofjordområdet) med Vestlandet (Bergen-Stavanger), med folkemengd på høvesvis ca. to og ein millionar. Dei områda som kjem lengre bort frå vegen ved ei traséomlegging, skal sjølvsagt  takast omsyn til, mellom anna ved naudsynt oppgradering av tilførselsvegane. Elles er Vegforum Øst-Vest overtydd om at Raulandsalternativet best vil fremme utviklinga i Vest-Telemark då kortaste og raskaste veg til og frå dei store marknadane vil gje det beste grunnlaget for næringsverksemd.

Statens vegvesen sine analyser syner at føremonene med E134 byggjer på to bærebjelkar:

  • Traséen gjennom Vest-Telemark må leggjas gjennom Rauland (aukar lønnsemda med 13 mrd. kr samanlikna med trasé gjennom Seljord).
  • Det må etableras arm mot Bergen (Hordalandsdiagonalen – aukar lønnsemda med 14 mrd. kr).

For å realisere E134 sitt potensial som aust-vestsamband, er det ikkje rom for å endre på nokon av desse føresetnadene utan at det får dramatiske samfunnsøkonomiske konsekvensar. Regjeringa  har rett nok sytt for å ta bort armen mot Bergen, og dersom dei lokale interessene vinn fram med Seljordsalternativet, vil grunnlaget for å satse på E134 i framtida som nasjonal hovudfartsåre smuldre bort.

Share This