Rådmannen i Vinje går for nordleg E134

Den korte traséen om Rauland er den beste løysinga, meiner rådmann Jan Myrekrok. Foto Vinje kommune.

Den korte traséen om Rauland er den beste løysinga, meiner rådmann Jan Myrekrok. Foto Vinje kommune.

– Rådmann Jan Myrekrok rår til at politikarane i Vinje går for alternativ nord gjennom Øyfjell når dei skal seie meininga si om ny E134, skriv Vest-Telemark Blad i eit oppslag i avisa for i dag.  – Vinje må velje mellom lokale og nasjonale omsyn i E134-saka, seier rådmannen, som meiner dei nasjonale omsyna har størst vekt.

I dag skal politikarane i plan- og miljøutvalet i Vinje drøfte om ny  E134 gjennom Vest-Telemark skal gå langs dagens trasé om Seljord, eller om ein skal byggje ein heilt ny veg, korridor nord, som går inn i Svartdal, gjennom Drivarbekkdalen til Øyfjell, vidare til Våmartveit og Kostveit før han kjem att i Grungedal.

Tilrår nord-alternativet

Rådmannens samla vurdering er at nord-alternativet, som Vegvesenet tilrår, er det som best svarar på bestillinga frå Samferdselsdepartementet. Dermed kan strekninga hamne høgare oppe i prioriteringsbunken.

– Løysinga gjev også ein god miljøeffekt og løyser nåverande vinterproblematikk på strekninga. Tilrådinga støttar og underbygger konklusjonen frå aust-vest-utgreiinga. Det er også dette alternativet som i følgje rapporten gjev best utteljing innan område som arbeidsliv, reiseliv, arealutvikling og tettstadsutvikling, sjølv om dette er meir marginalt. Med den nordlege korridoren må kommunen også følgje særleg med på rammevilkåra for næringslivet i Åmot, skriv Myrekrok.

Han rår politikarane til å stø Vegvesenet i å bygge ut den nordlege korridoren. I tillegg ber han dei stø tilrådinga om å ruste opp riks- og fylkesvegar i prosjektområdet knytt til korridor nord for å motverke negative verknader for områda langs dagens trasé, ivareta behovet for god kopling til eksisterande vegnett, og legge til rette for gode løysingar for landbruk og anna næringsverksemd. Han rår også politikarane til å vedta fylgjande to punkt:

  • Vinje kommune meiner det er svært viktig med opprusting av E134 Åmot–Vinjesvingen så raskt som mogleg.
  • Vinje kommune legg til grunn at arbeidet med KVU for arm til Bergen vert sett i gang så raskt som mogleg.
Nasjonalt mot lokalt perspektiv

Rådmann Jan Myrekrok drøfter i saksutgreiinga om ein skal leggje til grunn eit lokalt eller eit nasjonalt perspektiv. Han skriv blant anna at ei omlegging vil vere ei utfordring for trafikkbasert næringsliv langs dagens trasé gjennom vestfylket. For Åmot sitt vedkomande skal 15 prosent av omsetnaden vere knytt til gjennomgangstrafikken. Samstundes inneber innkorting av kilometer og reisetid vekstimpulsar for Haukeli og Rauland, samt utvida bu- og arbeidsmarknad for heile Vinje. Og lokale omsyn kan uansett ikkje få forrang for eit nasjonalt perspektiv, der ein stør prioriteringane til eit nasjonalt hovudsamband mellom Vest- og Aust-Noreg som løyser overordna transportutfordringar i Sør-Noreg og gjev svært god samfunnsøkonomisk lønsemd, skriv rådmannen.

Han minner også om konkurransen med Rv7 på nordsida av Hardangervidda:

– Dersom det ikkje blir større investeringar i E134, vil Rv7 få ein sterkare vekst enn E134. Konsept nord på E134 forandrar dette konkurransetilhøvet i favør av E134, men det gjer ikkje konsept sør, skriv han.

Saka skal til kommunestyret for endeleg vedtak. Neste kommunestyremøte er 10. november.

Les heile artikkelen i Vest-Telemark Blad (betalingsmur)

, ,

Share This