Positive signal frå Samferdselsdepartementet

Vegforum Øst–Vest er nøgd med at regjeringa vil arbeide med eit heilskapleg framlegg til ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølgje for vidare oppgraderingar på E134. Foto Statens vegvesen/Tor Arvid A. Gundersen

Samferdselsdepartementet legg i brev til Vegdirektoratet av 16. februar 2018 til grunn at den framtidige traseen for E134 gjennom Vest-Telemark (Gvammen–Vågsli) vert lagt i ein ny innkorta korridor nord for dagens E134 (over Rauland). Av brevet går det dessutan fram at regjeringa vil arbeide med eit heilskapleg framlegg til ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølgje for vidare oppgraderingar på E134. Vegforum Øst-Vest er svært nøgd med desse føringane frå departementet, men minner samstundes om at den andre berebjelken i Haukeli-alternativet er armen frå E134 mot Bergen. 

Av Svein Sem, Kjell Solheim, Halvor Grene,
Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset og
Nicolai Østhus, Vegforum Øst-Vest

Samferdselsdepartementet viser i brev til Vegdirektoratet av 16. februar 2018 til tidlegare vedtak om å prioritera E134 som eit av hovudsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. Departementet legg i brevet til grunn at den framtidige traséen for E134 gjennom Vest-Telemark (Gvammen-Vågsli) vert lagt i ein ny innkorta korridor nord for dagens E134 (over Rauland) i tråd med framlegga frå Statens vegvesen i aust-vestutgreiingane.

Departementet lovar at midler til utvikling av strekninga E134 Gvammen-Vågsli vil bli vurdert ved neste NTP. Av brevet går det dessutan fram at regjeringa vil arbeide med eit heilskapleg framlegg til ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølgje for vidare oppgraderingar på E134. Statens vegvesen blir bedne om å utarbeide grunnlag for eit slikt framlegg.

Vegforum Øst-Vest er svært nøgd med føringane frå departementet i nemnde brev. Ved aust-vest-utgreiingane vart denne omlegginga berekna å gje ei auka samfunnsøkonomisk lønnsemd på 13 mrd. kr i høve til noverande trasé gjennom Seljord.

Denne store lønnsemda er seinare dokumentert gjennom KVU-rapporten Gvammen–Vågsli, samt gjennom den eksterne kvalitetssikringa (KS1). Dette til trass, valde regjeringa å utsette alle oppgraderingsprosjekt på E134 frå aust–vestutgreiingane.

Vegforum Øst-Vest har i fleire fråsegner, seinast i brev til Vegdirektoratet av 13. mars 2018, understreka at den andre berebjelken i Haukeli-alternativet er armen mot Bergen. Statens vegvesen har i aust-vestutgreiingane berekna at Bergensarmen vil gje ein ytterlegare auke i den samfunnsøkonomiske lønnsemda på 14 mrd. kr (til totalt 26 mrd. kr). Vegforum Øst-Vest vil difor gjenta tidlegare standpunkt om at det snarast råd må setjast i gong arbeid med ein KVU-rapport for Bergensarmen.

Vegforum Øst-Vest er elles svært nøgd med føringane frå departementet om å få fortgang i arbeidet med eit heilskapleg framlegg til oppgradering av E134.

Vegforum Øst-Vest vil vise til konklusjonane frå Statens vegvesen sine utgreiingar av aust-vestsambanda. Desse synte at E134 stod fram som det sambandet med desidert høgst samfunnsøkonomisk lønnsemd.

I Noreg finst vel knapt noko samferdselsprosjekt med lønnsemd i nærleiken av dette. Den bakanforliggjande årsaka er naturleg nok å finne i det faktum at E134 med avgrensingar i vest (Bergen og Stavanger) og aust (Grenland, Vestfold og vidare over Oslofjorden mot Sverige og kontinentet), vil knyte saman Vestlandet sør for Sognefjorden med Oslofjord-området.

Folkemengda i desse områda er rundt 1 million på Vestlandet og rundt 2 millionar i Oslofjord-området, dvs. til saman 3 millionar. Ifølgje SSB sine prognosar vil folkemengda i dette området auke frå 3 til 4 millionar i 2030.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 (Meld. St. 33 (2016 – 2017)) er understreka at samfunnsøkonomisk lønnsemd er eit av dei sentrale kriteria for framlegga til investeringsportefølje. Vektlegging av samfunnsøkonomisk lønnsemd går elles att som ein raud tråd gjennom heile transportplanen. Det er difor viktig at regjeringa i praksis følgjer opp dette prioriterings-kriteriet.

Vegforum Øst-Vest meiner at det generelt er ynskjeleg med rask progresjon i ei rad prosjekt på E134 og vil særskilt peike på følgjande:

E134 – Kongsberg–Gvammen, jf. KVU-rapporten Kongsberg-Gvammen.
E134 – Gvammen-Vågsli, jf. KVU-rapporten Gvammen-Vågsli
E134 – Nye Haukelitunnelar
E134–Bakka- Solheim (godkjende kommunedelplanar i Etne og Vindafjord kommunar)

Innlegget er også trykt i Haugesunds Avis 
Share This