Nikolai Astrup tåkelegg

Armen til Bergen er eit av Noregs mest lønsame vegprosjekt. Og det er absolutt ingen grunn til at det skal ta lang tid før armen vert bygd..

Armen til Bergen er eit av Noregs mest lønsame vegprosjekt, og det er absolutt ingen grunn til at det skal ta lang tid før armen vert bygd.

Nikolai Astrup, leiar for Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité (H), skuldar i innlegget «Gode veier over fjellet» i Hardanger Folkeblad 3. august 2016 (se også nedanfor) Knut Olaf Sunde og Erik Grieg Riisnæs for å fremma ”grunnløse og fantasifulle påstander”. Diverre har påstandane til Sunde og Grieg Riisnæs både truverde og rettvise.

Av Svein Sem, Nicolai Østhus, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord og Arne Skogheim

Sterke krefter i Høgre i Hordaland og Bergen har lenge, ut frå lokale særinteresser, kjempa for Rv7 over Hardangervidda som den nordlege fjellovergangen mellom Austlandet og Vestlandet. Nikolai Astrup har rett i at det ikkje er gjort noko formelt vedtak om val av denne traseen framfor riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Alt tyder likevel på at hordalendingane har fått fleirtalet i partiet med seg.

For som Sunde og Grieg Riisnæs påpeiker, finnest det ikkje noko anna rimeleg forklaring på at Høgre og regjeringa vil ha vidare utgreiingar av begge alternativa (RV 7 og RV52) som allereie er grundig utgreidde, men samstundes seier nei når Statens vegvesen vil konseptvalutgreie eit langt betre alternativ ved ein arm på E134 til Bergen. Dette er nemleg ei løysning som gjer Rv7 uaktuell som hovudveg mellom aust og vest. Derfor er det viktig for tilhengarane av Hardangervidda-alternativet å sikre eit endeleg vedtak utan at naudsynt kunnskapsgrunnlag.

For å forstå det politiske spelet er det naudsynt å ha klart for seg biletet av dei to aktuelle heilskapsløysningane for hovudveger mellom aust og vest.

  • Alternativ 1: E134 over Haukeli til Haugesund, ei strekning det er full semje om å bygge ut, blir eit sørleg samband som skal betene Rogaland. Så vert anten Rv7 eller Rv52 den nordlege fjellovergangen som betener resten av Vestlandet. Då fell valet truleg på det første, som er det minst ulønnsame av dei to.
  • Alternativ 2: E134 får ei forgreining til Bergen, slik at vegen over Haukeli i tillegg til å betene Rogaland også vert hovudsambandet mot aust for Hordaland og Bergen, og dermed heile Vestlandet sør for Sognefjorden. Rv52 vert då det logiske valet som den nordlege hovudvegen, som samen med en framtidig utbygging av Rv5 gir heile Vestlandet nord for Sognefjorden eit kort og vintersikkert samband til Austlandet.

Statens Vegvesen har kostnadsrekna dei ulike variantane. For Alternativ 1 gir E134 ein positiv samfunnsnytte på 12 mrd. kr, medan riksvegane 7 og 52 har negativ nytteverdi på høvesvis minus 12 og minus 14 mrd. I Alternativ 2 gjer forgreiningane til Bergen at samfunnsnytten av E134 aukar med ytterlegare 14 mrd. kr, til heile 26 mrd. kr. Nytteverdien av kombinasjonen Rv52 og Rv5 er ikkje kalkulert, men med 14 mrd. i minus for riksveg 52 isolert sett er altså alternativ 2 tolv til fjorten mrd. kr meir lønnsamt enn alternativ 1. På toppen av det heile gjev ny E134 bergensarane litt kortare veg til Oslo enn ein utbetra Rv7, høgare vegstandard, mindre høgdeskilnader og vel så god vintertryggleik. Dette er sjølvsagt lite hyggelege fakta for tilhengarane av Rv7. Hordaland Høgre, med tilslutning frå regjeringa, vil difor ikkje ha konseptvalutgreiing av arm til Bergen før valet mellom Rv7 og Rv52, dette til tross for at dei tre løysningane ikkje kan vurderast uavhengige av kvarandre. E134-armen og Rv7 ligg så nær kvarandre at det er ikkje er aktuelt å bygge ut begge. Den som går inn for den eine, vel bort den andre.

For å tåkelegge dette skriv Astrup at ”konsekvensutredningen av R7/R52 vil ta høyde for en eventuell arm til Bergen på E134. Dermed har vi gode forutsetninger for å mene noe om nordlig trasévalg selv uten å konsekvensutrede selve armen nå.” Og han vidareformidlar ytterlegare tåke når han skriv at ”Høyre og regjeringen har sagt at denne konsekvensutredningen ikke er aktuell å gjennomføre så lang tid før armen eventuelt skal bygges”.

Men det er absolutt ingen grunn til at det skal ta lang tid før armen vert bygd. Og det er komplett meiningslaust å seie nei til å skaffe seg det naudsynte faktagrunnlaget for å kunne vele mellom E134-arm og Rv7. Armen til Bergen er eit av dei mest lønnsame vegprosjekta i Noreg, og heilt i samsvar med at ”det mest presserende i årene fremover er å sørge for to gode og vintersikre fjelloverganger mellom øst og vest”, for å sei det med Astrup. Så har då også fylkespartia i Hordaland, eitt etter eitt, enten gått inn for Alternativ 2 eller utredning av E134-armen, mens Hordaland Høgre står att i tåka.

Men det gir tross alt litt håp når Astrup avsluttar med å understreke ”at valg av traseer selvsagt må bygges på hva som tjener landet for fremtiden.” Ein skal ikkje kjenne mykje til norsk samferdselshistorie for å vite at dette er alt anna enn sjølvsagt. Vi vel likevel å ta formuleringa som eit utrykk for ein positiv vilje hos Astrup. Han tilhøyrer ikkje Hordaland Høyre, og har alle føresetnader for å kunne gjøre ei rasjonell vurdering i ei av dei viktigaste samferdselssakene i nyare norsk historie.

Innlegget er også publisert i Hardanger Folkeblad 18. august

Share This