Kvifor denne motstanden mot utbygging av E134 – Haukelivegen?

E134 med greiner til både Haugesund og Bergen ivaretek trafikken til og frå Austlandet for heile Vestlandet mellom Sognefjorden og Jæren. Lang tunnel mellom Liamyrane og Tyrvelid har nesten ingen stigning, og gjer dessutan vegen vintersikker – noko som må vere eit krav til hovudsambandet mellom aust og vest.

Dersom ein har fylgt med i denne utviklinga gjennom ein del år, ser ein eit mønster av motstand mot vegen over Haukelifjell, det gjeld både skilting og planlegging. Etter det informasjonsmøtet som vart skipa til i Haukeligrend om utbygginga av E134 finn eg det rett å koma med meiningar om kva som er gale.

Av Ragnvald Christenson

Fagetatane i Samferdselsdepartementet la fram ein oversikt over dei framtidige stamvegane her i landet, og i denne oversikta så var E134 – Haukelivegen hovudstamvegen mellom Aust- og Vestlandet for sørlege delen av Sør-Noreg, og så var Rv 52 det for den nordre delen. «Regjeringa har ikkje klart å bestemme om riksveg 7 eller riksveg 52 skal prioriterast som den andre hovudvegen. Den endelege avgjerda vil takast i Nasjonal transportplan, men anbefalingane til samferdselsministeren står klare. E-134 er valt fordi den for det første varetar den sørlege delen av vestlandet. Med nye tunnelar vil du kunne få betydeleg kutt i reisetid, og du vil kunne også få betre stabilitet på vinteren, sa samferdselsminister Solvik-Olsen på ein pressekonferanse fredag.» ( Dette var i desember 2015)

Dette var ein avgjersle som var tufta på faglege vurderingar, og alt såg ut til å vera greitt, men så skjedde det noko på det lokale plan rundt om i høve Rv. 7 og E134. Og er det lokale «småkongar» som styrer den framtidige planlegginga av stamvegane våre, kva kan me i så fall gjera?

Fagetaten i Samferdselsdepartementet var samde om at E134–Haukelivegen var hovudstamvegen mellom Aust–Vestlandet i Sør–Noreg, og dette var noko som også samferdselsministeren og andre sentrale politikarar presentera som framtida, heilt til at pressgruppene rundt om fekk tid til å koma på banen. Med det resultatet at vegplanar som la opp til bygging av vintersikre stamvegar, og som dekte store område og som ville vera viktige i utviklinga av samfunnet, no vert totalt endra til fordel for lokale eigeninteresser. Det er skremmande at slike lokale pressgrupper greier å få endre planar som er framlagde av departementale fagetatar. Det vert no bygd ein stor kjøleterminal på Gardermoen for mottak og organisering av flytransport av laks til utlandet. Denne laksen kjem som trailertransport mellom anna på E134 over Haukelifjell. Då er det viktig å ha ein vintersikker stamveg mellom aust- og vestlandet, det er ingen som har så dårleg tid som ei død laks. I dei planane som vart lagde fram på informasjonsmøtet på Haukeli Hotel er det ikkje lagt opp til nokon vintersikker stamveg lenger. Eg meiner det er viktig at dei som skal planlegge den nasjonale utviklinga, har den totale oversikta, slik at det som vert planlagt heng i hop og utfyller kvarandre.

I den nye planen for E134 så er det sett fokus på å ha god plass til oppsamling av bilar i høve stengd veg eller kolonnekøyring, ein utruleg negativ løysning av framtidige trafikkproblem om vinteren.

Ein annan ting som òg er negativ er stigninga i den nye tunnelen frå Liamyrane og opp til Piparsteinen, som vert lik den me har no, medan den lange tunnelen mellom Liamyrane og Tyrvelid har nesten ingen stigning. Dette vil vere ein viktig miljøgevinst. Ein annan og viktig faktor her er villreinen, som dei nye planane tek ikkje omsyn til, snarare tvert imot. Den vil i framtida få eit problem med å krysse vegen på Haukelifjell, medan det i høve Rv.7 på Hardangervidda er planlagd ein 6.5 km lang tunnel for at reinsdyra skal få fritt leide.

Det er tydelegvis dessverre forskjellige omsyn som vert teke, avhengig om det er Rv. 7 eller E134 me snakkar om. Det er heilt klart at her har det vore lagt eit stort press på samferdselsministeren frå sentrale personar i Høgre for å få han til å skifte meining, noko dei har lykkast med, for det er tydeleg at ting har endra seg.

Køyrer ein ut av Oslo visar skilta at E18 går til Kristiansand og E16 med stipla linje til Bergen – men ikkje at E134, som også er ein europaveg, går til Haugesund. Dette er ei klår og bevisst diskriminering av denne vegen, noko som vi ser mange døme på både i aust og vest.

Så var det nokre ord om skilting.

Køyrer ein ut av Oslo, så visar skilta at E18 går til Kristiansand og at E16 med stipla linje går til Bergen. Det som manglar her er tilsvarande skilt som fortel at E134, som også er ein europaveg, går til Haugesund. Dette er ei klar diskriminering som fell saman med mange andre. Det har vore liten vilje å skilte E134 mellom Oslo og Drammen, men ein kontakt med dåverande samferdselsminister Signe Navarsete resultera i at det kom eit infoskilt på Drammensbrua som visa kor vegen til Haugesund tek av, men eigentleg så skulle det ha vore fleire skilt på denne strekninga slik det er om E18. Faktum er at det er om lag 120 km kortare å køyre på E134 over Haukelifjell til Haugesund enn å køyre E18 til Kristiansand og vidare på E39.

Så kan me ta oss ein tur på Vestlandet, her er dei same manglane på skiltinga av E134. I utkanten av Voss i krysset Rv13 og E16 står det eit skilt som fortel dei reisande at det ikkje er mogleg å køyre Rv13 til Odda/ Røldal og vidare på E134 over Haukelifjell til Oslo. Det einaste alternativet er å køyre E16, då kjem du til Oslo. Dette må vera klare brot på reglane om skilting og informasjon til dei trafikkerande på europa- og riksvegane rundt om i landet. Her er det tydeleg at me har med lokale «småkongar» å gjera som laga sine eigne rike rundt om.

Det som etter mi meining no må skje er at administrasjonen og politikarane i kommunane langs E134 på begge sider av Haukelifjell/Seljestadfjellet ikkje godtek dei framlagde planar for E134, men at dei gjer eit vedtak med krav om å få utarbeidd nye planar der det sentrale vert å få inn ein lang tunnel mellom Tryvelid og Liamyrane, slik at ein får ein vintersikker veg. Det er ikkje dei som utarbeidde desse planane som har gjort ein dårleg jobb, problemet var at dei fekk ikkje større handlefridom, E134 skulle nedprioriterast. Det positive trass i alt er at trafikken på E134 over Haukelifjell auka i dei siste åra, det må presse fram ei endring i politikken.

Årsdøgntrafikken for dei ulike hovudvegane mellom aust og vest: Klårt mest trafikk på E134. Når «armen» til Bergen blir bygd, vil både ÅDT og del av totaltrafikken auke kraftig for E134.

 

Share This