Utgreiing om ny hovudveg mellom aust og vest: Vegforum Øst-Vest nøgd med Statens vegvesen sine trasépreferansar

Vegforum Øst-Vest (VØV) er generelt svært nøgd med Statens vegvesen sine trasépreferansar i Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet, går det fram av høyringsfråsegna frå vegforumet. Av denne går det òg fram at E134 over Haukeli med trasé gjennom Rauland har desidert størst samfunnsøkonomisk lønnsemd, og at dette alternativet inneber at søre del av Vestlandet, frå Sognefjorden og ned mot Stavanger, vert knytt saman med Oslofjord-området og E6 vidare mot Göteborg og kontinentet med eit stutt, raskt, rasfritt og vintersikkert samband. Difor er E134 Miljøvegen det einaste aust-vest-sambandet som vil ha trafikkgrunnlag for ein fire-felts motorveg. Men VØV streker mellom anna òg under at ein av tids- og kostnadsomsyn kan forsvare å sløyfe den tilrådde konseptvalutgreiinga for traseen gjennom Vest-Telemark, og vil at premissene for reguleringsplanarbeidet for E134 Vågslid – Liamyrane vert endra frå «korte» tunnelar til ein samanhengande tunnel mellom Røldal og Vågsli.

 

 

Statens Vegvesen
Vegdirektoratet
Postboks 8142 Dep
0033 Oslo

Notodden, 4. mai 2015

 

UTREDNINGER OM FORBINDELSER MELLOM ØSTLANDET OG VESTLANDET – HØYRINGSFRÅSEGN FRÅ VEGFORUM ØST-VEST

Vegforum Øst-Vest syner til høyringsbrev frå Statens Vegvesen, dagsett 22. januar 2015, vedkomande ovanstående, og vil kome med følgjande merknader:

Generelt.

Vegforum Øst-Vest er generelt svært nøgd med Statens Vegvesen sine trasépreferansar etter aust-vestutgreiingane, jamfør pkt. 4.2.4 og 4.2.5 i rapporten Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet. Av rapporten går det fram at alternativet over Haukeli (E134) med trasé gjennom Rauland, framstår som det aust-vestsambandet med desidert størst samfunnsøkonomisk lønnsemd. Dette alternativet inneber at søndre del av Vestlandet, sør for Sognefjorden, vert samanknytt med Oslofjord-omådet med eit stutt, raskt, rasfritt og vintersikkert samband og med vidare tilknytning mot Gøteborg (E6) og kontinentet. I dag soknar ca. 3 millionar menneske til vegen sine nærområder og folkemengda i dette området vil i høve til SSB sine prognosar auke til rundt 4 millionar i 2030. Det er då også denne vegtraséen Vegforum Øst-Vest (tidl. Haukeliveiens Venner) har arbeidd for i over 10 år.

Vegforum Øst-Vest meiner at vegstyresmaktene konsekvent bør nytte statlege reguleringsplanar ved dei store vegane som knyter landsdelane saman, seier styremedlem Nicolai Østhus. Foto Unni Buverud, Telen.

Vegforum Øst-Vest meiner at vegstyresmaktene konsekvent bør nytte statlege reguleringsplanar ved dei store vegane som knyter landsdelane saman, seier styremedlem Nicolai Østhus. Foto Unni Buverud, Telen.

 

Vegplanane for E134 vil også ha monalege regionale verknader. På Vestlandet vil saman- knytninga av E134 og ein ferjefri E39 kunne skape grunnlag for ein samanhengande arbeids- marknad gjennom etablering av triangelet Haugesund-Bergen-Odda-Haugesund. Stavanger- regionen vil også bli omfatta av desse regionale verknadene som følgje av planane for Rogfast og Ryfast. På Austlandet vil vegplanane for E134 på same måte medvirke til å skape ein samanhengande arbeidsmarknad gjennom etablering av triangelet Drammen-Grenland- Notodden-Kongsberg-Drammen. Dette vil samstundes gjere det mogleg for ei langt betre utnytting av potensialet til hamnene i Grenland og Larvik.

Med gode vegar, slik Vegforum Øst-Vest har gjort framlegg om for E134, vil det vere mogleg å gje dei nemnde industrielle tyngdepunkta på Vestlandet og Austlandet ein monaleg meirverdi.

Vegforum Øst-Vest har i arbeidet med E134 hatt fokus på følgjande områder:

  • ?Ny trasé for E134 gjennom Vest-Telemark der vegen vert lagt gjennom Rauland.
  • ?Bygging av «lang» Haukelitunnel frå Røldal til Vågsli for å etablere eit vintersikkert aust-vest-samband.
  • ? Etablere avgreining av E134 mot Bergen.
  • ? Vegen (E134-Miljøvegen) må byggjast som fire-felts motorveg.

Om desse spørsmåla vil Vegforum Øst-Vest merkja:

Ad. omlegging av E134-traséen gjennom Vest-Telemark

Etter som traséen gjennom Rauland er over 3 mil stuttare enn noverandre trasé gjennom Seljord, framstår Raulands-alternativet ut frå overordna nasjonale omsyn som det klart beste. Resultata frå Statens Vegvesen sine vurderingar, viser då også at skilnadene mellom alternativa, målt etter samfunnsøkonomisk lønnsemd, er formidable (Raulandsalternativet: netto nytteverdi: +12 mrd. kr, Seljordsalternativet: netto nytteverdi: -1 mrd. kr). Etter Vegforum Øst-Vest sin meining er skilnadene så store at ein av tids- og kostnadsomsyn kan forsvare å sløyfe den tilrådde konseptvalutgreiinga for traséen gjennom Vest-Telemark.

Med utgangspunkt i Vegforum Øst-Vest sine traséframlegg vil reiselengda frå Oslo til Bergen/Haugesund på E134-Miljøvegen med motorvegstandard, bli redusert til rundt 38 mil og reisetida til rundt 3,5 timar.

Med utgangspunkt i Vegforum Øst-Vest sine traséframlegg vil reiselengda frå Oslo til Bergen/Haugesund på E134-Miljøvegen med motorvegstandard, bli redusert til rundt 38 mil og reisetida til rundt 3,5 timar.

Ad. bygging av «lang» Haukelitunnel frå Røldal til Vågsli

Med dei ustabile værtilhøva på dei åpne fjellstrekningane på E134 (til dømes strekninga mellom Haukelitunnelen og Vågslitunnelen) som på vinterstid er karakterisert ved hyppig kolonnekjøyring og stengte vegar, kan Vegforum Øst-Vest ikkje sjå at målsettinga om etablering av eit vintersikkert aust-vestsamband kan realiserast utan bygging av ein lang Haukelitunnel (frå Røldal til Vågsli).

Vegforum Øst-Vest meiner difor at premissene for det pågåande reguleringsplanarbeid (E134 Vågslid – Liamyrane) vert endra frå «korte» tunnelar til ein lang tunnel. Ein samanhengande tunnel mellom Røldal og Vågsli vil etter vårt syn også representere eit nasjonalt miljølyft ved at miljøulempene knytta til biltrafikken, vert avlasta i eit sårbart fjellområde. Vi syner i denne samanheng til dei internasjonale pliktene Noreg har teke på seg for å ta vare på villrein- stammen.

Ad. etablering av avgreining av E134 mot Bergen.

I Vegforum Øst-Vest sine planar for etablering av eit framtidsretta aust-vestsamband har ei avgreining av E134 mot Bergen alltid vore eit sentralt element. Denne avgreininga inneber at vegen sitt nedslagsfelt på Vestlandet grovt sett vert dobla og medfører at heile aksen mellom Bergen og Stavanger med ei folkemengd på nærare 1 million vert samanknytt med Oslofjord- omådet og vidare mot Gøteborg (E6) og kontinentet. Gevinsten ved å etablere armen mot Bergen vert også synleggjort i Statens Vegvesen sine kalkulasjonar av samfunnsøkonomisk lønnsemd. Under føresetnad av at traséalternativet gjennom Telemark med størst sammfunns- økonomisk lønnsemd blir valgt (Raulandsalternativet: netto nytteverdi på +12 mrd. kr), vil påkobling av armen mot Bergen innebere at den sammfunnsøkonomiske lønnsemda aukar ytterlegare 14 mrd. kr til totalt 26 mrd. kr.

Vegforum Øst-Vest vil elles merkja at eit fleital i transport- og kommunikasjonskomitéen under handsaminga av Nasjonal transportplan ba om at armen mot Bergen vart nærare utgreidd. Grunngjevinga for ynskjet frå stortingskomitéen var i hovudsak den same som for Vegforum Øst-Vest, jf. Meld. St. 26 (2012-2013) og Innst. 450 S (2012-2013).

Vegforum Øst-Vest har så langt sett for seg at siste del av traséen mot Bergen vert lagt gjennom Fusa, men har kome til at traséspørsmålet må finne si endelege løysing gjennom ei konseptvalutgreiing.

Ad. bygging av E134-Miljøvegen som fire-felts motorveg.

Etter Vegforum Øst-Vest si meining vil E134-Miljøvegen i framtida vera det einaste aust– vestsambandet som vil ha trafikkgrunnlag for ein fire-felts motorveg. Med utgangspunkt i Vegforum Øst-vest sine traséframlegg vil reiselengda frå Oslo til Bergen/ Haugesund på E134-Miljøvegen med motorvegstandard, bli redusert til rundt 38 mil og reisetida til rundt 3,5 timar, medan ei reise frå Oslo til Stavanger vert redusert til høvesvis 42 mil og 4 timar. Statens Vegvesen har imidlertid i sine utgreiingar så langt berre føresett at ein mindre del av E134 skal byggjast ut som fire-felts veg, noko som gjev monaleg lengre reisetider.

Vegforum Øst-Vest sine traséframlegg for aust-vestsambanda mellom søndre del av Vestlandet og Oslofjordområdet er elles gjort greie for i vedlagte brosjyre, og vi syner til denne brosjyra.

Vegforum Øst-Vest vil understreke at ein motorveg har ei rad føremoner. Vi vil særskilt peike på føremonene knytta til auka trafikktryggleik (90 % reduksjon i dødsrisiko). Vidare vil ein motorveg gje eit langt meir miljøvennleg og effektivt vegsystem med tanke på løysing av såvel kollektive utfordringar (buss) som utfordringane knytta til ein effektiv person- og materielltransport. I sum meiner Vegforum Øst-Vest at ein motorveg vil representere ein ny dimensjon for vegsystemet mellom Austlandet og Vestlandet. Av den grunn bør konsekvensane ved å auke ambisjonsnivået til motorvegstandard utgreiast nærare før det vert teke nye steg. Dersom resultatet likevel i hovudsak vert to-felts veg (10-12,5 meter bredde), bør utbygginga tilretteleggjas slik at ei seinare utviding til fire-felts motorveg kan skje med best mogleg samfunnsøkonomi, mellom anna ved båndlegging av areal og ved utforming av vegen sin kurvatur.

Merknader til politiske føringar for vegbygging.

Vegforum Øst-Vest syner til at Stortinget under handsaminga av den siste nasjonale transportplanen (Meld. St. 26 (2012-2013)) la følgjande overordna målsettingar til grunn for norsk transportpolitikk:

Å tilby et effektivt, tilgjengelig, sikkert og miljøvennlig transportsystem som dekker samfunnets behov for transport og fremmer regional utvikling.

For å realisere desse målsettingane vert det understreka at:

Regjeringen har som mål å bedre framkommeligheten og redusere avstands- kostnadene for å styrke konkurransekraften i næringslivet og for å bidra til å opprettholde hovedtrekkene i bosettingsmønsteret.

Vegforum Øst-Vest har elles notert seg at Stortinget ga tilslutnad til Regjeringa si målsetting om å halvere planleggingstida for store samferdselsprosjekt, mellom anna ved raskare og meir effektive planleggingsprosessar, jf. kap. 1.4.4. For å få til dette vart det føresett at konseptvalutgreiinga (KVU) og kvalitetsikringsrapporten (KS1) i større grad avklarar hovudlinene i trasé-/korridorval og utbyggingsstandard, for at planlegginga etter plan- og bygningslova skal verta enklare. Vidare har Vegforum Øst-Vest merkja seg Regjeringa sine framlegg om at det for særskilt prioriterte prosjekt vert tilrådd bruk av statleg reguleringsplan av omsyn til dei overordna samfunnsinteressene, jf. kap 6.2.1.

Andre merknader:

Vegforum Øst-Vest meiner at vegstyresmaktene bør leggja opp ein plan for progresjonen i oppgraderingsarbeidet for E134 på same måte som for E39. Etter vår oppfatning vil ein tidshorisont på 15 år for oppgradering av E134, tilsvarande E39, vera ein rimeleg ambisjon. Dersom det er politisk vilje, vil oppgraderingsperioden kunne kortast inn ytterlegare til ned mot 10 år.

Oppsummering og konklusjoner:
  • ?Vegforum Øst-Vest er i hovudsak samd med Statens Vegvesen om traséframlegga for eit aust-vestsamband over Haukeli, mellom anna med føresetnaden om at vegen vert lagd gjennom Rauland.
  • ?Vegforum Øst-Vest meiner at det bør byggjast ein lang Haukelitunnel (frå Røldal til Vågsli) for å få etablert eit vintersikkert aust-vestsamband. Premissene for det pågåande reguleringsplanarbeid (E134 Vågslid – Liamyrane) må difor endrast frå føresetnaden om «korte» tunnelar til ein lang tunnel.
  • ?Vegforum Øst-Vest meiner at det bør etablerast ei avgreining av E134 mot Bergen for at heile aksen mellom Bergen og Stavanger vert samanknytt med Oslofjord-omådet og vidare mot Gøteborg (E6) og kontinentet. Traséval for armen mot Bergen bør avklarast gjennom ei konseptvalutgreiing.
  • ?Vegforum Øst-Vest meiner at E134-Miljøvegen i framtida vil bli det einaste aust-vest- sambandet som vil ha trafikkgrunnlag for ein fire-felts motorveg. Føremonene med motorvegstandard må utgreiast nærare før det vert teke nye steg. Samstundes må premissene for pågåande reguleringsplanarbeid justerast slik at det vert teke høgde for oppgradering til motorvegstandard.
  • Vegforum Øst-Vest meiner at vegstyresmaktene konsekvent bør nytte statlege reguleringsplanar ved dei store vegane som knyter landsdelane saman.
  • ?Vegforum Øst-Vest meiner at det bør leggjast ein plan for progresjonen i oppgraderings- arbeidet for E134 på same måte som for E39. Etter vår oppfatning vil ein tidshorisont på 10-15 år vera ein rimeleg ambisjon for arbeidet.

    For Vegform Øst-Vest
    Svein Sem
    Styreleiar

, , ,

Share This