”Hordalands-kommunar vender ryggen til Vidda”

Stadig fleire kommunar på Vestlandet går inn for ”Hordalandsdiagonalen” – armen frå E134 til Bergen som gjer E134 over Haukeli til kortaste og raskaste forbindelse mellom Bergen og Oslo. Samstundes minkar oppslutninga om riksveg 7 over Hardangervidda som hovudveg mellom aust og vest.

Kommuner for armNRK har gått gjennom høyringsfråsegnene i aust-vest-saka. I ein oversikt på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider slår dei fast at jamvel i Hordaland, heimfylket til Hardangervidda, vender mange kommunar ryggen til E7 over vidda som stamveg:

Bergen, Samnanger, Fusa, Kvinnherad, Jondal, Kvam og Odda kommunar (farga blått på kartet til venstre) vil ha Hordalandsdiagonalen, medan Granvin, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang kommunar (raudt) vil har riksveg 7. Ullensvang vil i tillegg ha «Hordalandsdiagonalen».

Voss kommune (grønt) si fråsegn er tvitydig: Vossingane vil rusta opp riksveg 7 til heilårs riksveg, men seier ikkje at dei vil ha han som stamveg eller hovudveg mellom Aust- og Vestlandet.

Resten av kommunane i Hordaland (gult) har ikkje sendt inn høyringsfråsegn.

– Det er få som sluttar opp om riksveg 7 i Hordaland, mindre enn fem prosent av folketalet i fylket, seier Oddvar Flæte, sekretariatsleiar i Interesseselskapet for riksveg 52 Hemsedalsfjellet, til NRK. Han legg til at når det store fleirtalet går inn for«Hordalandsdiagonalen», og ein vil sjå Vestlandet under eitt, så aukar dette sjansane for at riksveg 52 Hemsedalsfjellet blir det nordlege sambandet mellom aust og vest.

 

Les heile saken på NRK Sogn og Fjordane 13.01.17

Share This