Honnør til Statens Vegvesen

vegvesen_logo_farger_pos_rgb

Honnør til etaten for godt utførte utgreiinger og fagleg integritet.

Vegforum Øst-Vest vil takke Statens Vegvesen for godt utførte utgeiingar av hovudlinene i det framtidige stamvegnettet i Sør-Noreg, og vil også gje etaten honnør for å ha bevart sin faglege integritet og ikkje lete seg påverke av sterke politiske krefter som målber lokale særinteresser.

Av Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset og Nicolai Østhus for Vegforum Øst–Vest

Statens Vegvesen (SVV) trakk opp dei store linene for etablering av raske, trafikksikre, effektive og samfunnsøkonomisk gode vegsamband mellom Austlandet og Vestlandet ved framlegging av aust-vestutgreiingane i januar 2015.

På bakgrunn av dei samfunnsøkonomiske analysene gjorde SVV framlegg om at E 134 vart gjeven høgste prioritet.

Med ei utbygging av E 134 på strekninga Drammen-Haugesund, inkl. arm på E 134 frå Jøsendal via Odda mot Bergen, samt bygging av eit ferjefritt samband mellom Stavanger og Bergen (E 39), meinte SVV at E 134 kunne tjene som hovudsamband mot Austlandet for heile området sør for Sognefjorden.

For å kome fram til optimale traséar på E 134 gjennom Vest-Telemark samt på armen frå Jøsendal mot Bergen gjorde SVV framlegg om at det for desse strekningane vart gjennomført konseptvalutgreiingar (KVU-ar).

SVV sine framlegg til hovudvegsystem for Sør-Noreg var kalkulert å ha ei samfunnsøkonomisk lønnsemd som vi aldri tidlegare har sett i norsk samferdselshistorie.

SVV meinte at det, i tillegg til E 134, måtte etablerast eit aust-vestsamband som kunne tjene området frå Austlandet mot Sogn og Fjordane og Sunnmøre og konkluderte med at RV52 (Hemsedal) var det strategisk mest framtidsretta alternativet framfor RV 7 (Hardangervidda) .

Til tross for at SVV sine konklusjonar var basert på krystallklar og overtydande fagleg dokumentasjon, valde Regjeringa, etter sterkt politisk press frå Bergens-miljøet, å ta bort armen mot Bergen, noko som medførte ein drastisk reduksjon i samfunnsøkonomisk lønnsemd. Samstundes vart SVV beden om ei nærare utgreiing av RV7 som eit alternativt aust-vestsamband til RV52.

SVV la 1. og 2. september 2016 fram resultata frå høvesvis Rv 7/Rv 52- vurderingane og konseptvalutgreiingane vedk. traséval for E 134 gjennom Vest-Telemark. Konklusjonane for båe utgreiingar var ei stadfesting av SVV sine tidlegare klare og overtydande konklusjonar frå aust-vestutgreiingane.

SVV understrekar på nytt at E134 skal vera hovedvegen mellom Austlandet og Vestlandet for å dekke området sør for Sognefjorden. Vidare konkluderar SVV på nytt med at RV 52 er vurdert som betre enn RV 7, både når det gjeld samfunnsøkonomi, måloppnåing og med tanke på å dekke nasjonale trafikkbehov.

Rv 52 vart saman med E134 vurdert å vera ei betre heilskapsløsyning, som vil gje effektive og samfunnssikre hovudsamband for reisande i eit større geografisk område enn det Rv 7 kan dekke.

Val av Rv 52 vil i tillegg åpne for realisering av av ein arm på E 134 mot Bergen noko som ikkje er aktuelt ved utbygging av E 134 i kombinasjon med Rv 7.

Vegforum Øst-Vest vil takke Statens Vegvesen for godt utførte utgeiingar av hovudlinene i det framtidige stamvegnettet i Sør-Noreg.

Vegforum Øst-Vest vil også gje honnør til Statens Vegvesen for å ha bevart sin faglege integritet og ikkje lete seg påverke av sterke politiske krefter som målber lokale særinteresser.

Innlegget er også publisert i Haugesunds Avis 7. september

,

Share This