Høgre undergrev E134 som aust-vestsamband

Hvor kommer trafikken på E134 fra. ny veg

Figuren illustrerer kor trafikkauken kjem frå ved val av E134 som hovudsamband mellom aust og vest.

Når Statens Vegvesen  (SVV) i 2014 sette i gong utgreiingane av aust-vestsambanda, var den ambisiøse målsettinga at utgreiingane skulle gje grunnlag for ein strategi for utvikling av aust-vestsambanda og dessutan gje grunnlag for prioriteringa mellom desse.

SVV  la i sine tilrådingar i januar 2015 stor vekt på samfunnsøkonomisk lønnsemd. Det var difor ikkje uventa at E134 over Haukeli kom desidert best ut frå aust-vestutgreiingane, etter som E134 ville bli det stuttaste sambandet for praktisk talt heile Vestlandet sør for Sognefjorden, inkl. Bergen og Stavanger, med ei folkemengd på rundt 1 million.

Av SVV sine analyser vedk. E134 går det fram at 2 element gjev spesielt store utslag i samfunnsøkonomisk lønnsemd. Det klart viktigaste er armen mot Bergen. Ved å fjerne denne, vil trafikkgrunnlaget bli meir enn halvert, jf. vedlagde illustrasjon som syner kor trafikkauken skriv seg frå. Når Høgre no har syte for å ta bort armen mot Bergen med den konsekvens at trafikkgrunnlaget blir meir enn halvert, seier det seg sjølv at dette vil gå sterkt ut over satsinga på E134 i framtida.

Det andre elementet vedk. E134 som har stor innverknad på den samfunnsøkonomiske lønnsemda, er trasévalet gjennom Vest-Telemark. SVV har kome fram til at ein framtidig E134- trasé gjennom Seljord vil ha ei samfunnsøkonomisk lønnsemd på minus 1 mrd. kroner, medan ein trasé gjennom Rauland vil ha ei samfunnsøkonomisk lønnsemd på pluss 12 mrd. kroner, dvs. ein skilnad på 13 mrd. kroner. Forklaringa på den store skilnaden er i hovudsak å finne i det faktum at Raulandstraséen er over 3 mil stuttare.

Når no armen mot Bergen er teken bort, samstundes som fleire tillitsvalde i Høgre, m.a. stortingsrep. Solveig Sundbø Abrahamsen, Telemark, har signalisert kamp mot Raulands-alternativet, legg Høgre føringar for at eit historisk optimalt prosjekt i norsk samferdselshistorie blir skusla bort.

Det som likevel er det mest provoserande i denne saka, er Høgre sine prioriteringar av sambandet mot Bergen. Utgreiingane frå SVV syner at E134 over Haukeli med arm til Bergen har ei samfunnsøkonomisk lønnsemd på pluss 26 mrd. kroner, medan sambanda mot Bergen over Hardangervidda (RV 7) og Hemsedal (RV 52) har ei samfunnsøkonomisk lønsemd på høvesvis minus 12 og minus 14 mrd. kr. Trass enorme skilnader i lønnsemd, gjer Regjeringa med Høgre i spissen, vedtak om å gå vidare med dei to dårlegaste alternativa. Ei slik forvaltning av samfunnet sine ressursar høyrer berre heime i land vi ikkje ynskjer å samanlikne oss med.

Share This