Høgre har gjort aust-vestutgreiingane til ein karikatur

ernasolberg2_portrett

Det mest alvorlege med dei vedtaka som ligg føre, er at regjeringa med Erna Solberg og Høgre i spissen har blokkert ei utgreiing av armen til Bergen, som i kombinasjon med planane for E134, ville blitt det mest lønnsame vegprosjektet i Noreg.

«Etter omfattande og gode faglege prosessar gjennom aust-vestutgreiingane må Vegforum Øst-Vest konstatere at vi berre sit att med politiske prioriteringar som er vorten ein karikatur.»

Innlegget er skrive av Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset og Nicolai Østhus i For Vegforum Øst–Vest

Då Statens vegvesen i 2014 sette i gong utgreiingane av aust-vestsambanda, var målsettinga å identifisere det beste sambandet. Intensjonen var at ein i framtida skulle satse ein monaleg større del av veginvesteringane på det beste alternativet for å få etablert eit raskt, effektivt, miljøvenleg og framtidsretta samband, i motsetnad til å spreie investeringane på mange «mindre» samband som i dag.

Då Statens vegvesen i januar 2015 la fram sine tilrådingar, viste Haukeli-alternativet (E134) seg, ikkje uventa, å vera det desidert beste sambandet med ei samfunnsøkonomisk lønnsemd, inkludert arm til Bergen, på 26 milliardar kroner.

Til samanlikning ville alternativa over Hardangervidda (RV7) og Hemsedal (RV52) ha ei samfunnsøkonomisk lønsemd på høvesvis minus 12 og minus 14 milliardar kroner, det vil seie ein skilnad på høvesvis 38 og 40 milliardar kroner. Statens vegvesen sine tilrådingar er seinare kvalitetssikra av eksterne konsulentar som har slutta seg til vegvesenet sine konklusjonar.

På bakgrunn av aust-vestutgreiingane var det ikkje til å unngå at regjeringa måtte velje E134 som eit av hovudsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. Men regjeringa la samstundes den føresetnaden til grunn at armen til Bergen ikkje skulle utgreiiast, noko som innebar at lønnsemda ved Haukeli-alternativet (E134) vert halvert. Dette vart gjort etter press frå Bergensmiljøet for ikkje å svekke trafikkgrunnlaget for RV 7.

Då Regjeringa, med Høgre i spissen, 20. mars 2017, kunngjorde at «alle» aust-vestsambanda (E16, RV7, RV52) skal prioriterast, er dei opphavlege planane om etablering av eit høgkvalitetssamband, havarert.

Etter omfattande og gode faglege prosessar gjennom aust-vestutgreiingane må Vegforum Øst-Vest konstatere at vi berre sit att med politiske prioriteringar som er vorten ein karikatur.

Det mest alvorlege med dei vedtaka som ligg føre, er imidlertid at regjeringa (Høgre) har blokkert ei utgreiing av armen til Bergen, som i kombinasjon med planane for E134, ville blitt det mest lønnsame vegprosjektet i Noreg.

Når «alle» aust-vestsamband no skal prioriterast, vil det sjølvsagt bli langt vanskelegare i tida framover å få til ein god progresjon i arbeidet med E134, samstundes som samfunnet må gje avkall på dei verdiar som E134 representerer for samfunnet.

 

Share This