Høgre går mot eige program og eigne prinsipp

Hordqaland Høgre – med statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland – forlet prinsippet om samfunnsøkonomisk lønsemd og medverkar til eit meirforbruk av fellesskapet sine midlar i ein storleiksorden på fleire ti-tals milliardar kr.

Hordaland Høgre – med statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland – forlet prinsippet om samfunnsøkonomisk lønsemd og medverkar til eit meirforbruk av fellesskapet sine midlar i ein storleiksorden på fleire ti-tals milliardar kroner.

I partiprogrammet for Hordaland Høgre for perioden 2015-2015 heiter det: Hordaland Høyre vil arbeide for realisering av Hordalandsdiagonalen (Bergen–Odda/Jøsendal) etter fergefri E39 Stord–Bergen og Voss–Bergen i tråd med anbefalingen fra Øst-Vest-utredningen.

For Vegforum Øst–Vest: Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset, Nicolai Østhus

Under årsmøtet førre helg gjekk imidlertid Hordaland Høgre inn for å prioritere RV7 over Hardangervidda som framtidig aust-vestsamband. Rett nok vedtok Hordaland Høgre også å prioritere E134 over Haukeli men utan føresetnaden om at armen mot Bergen vert utgreidd. Her har Bergens-miljøet i Høgre vunne fram med argumentasjonen om å utsette utgreiinga av av Bergensarmen på ubestemt tid av frykt for at armen skal svekke trafikkgrunnlaget for Rv7.

Etter som utgreiingane frå Statens vegvesen syner at armen mot Bergen er ein heilt sentral del av aust-vestsambandet over Haukeli (og representerer over halvparten av den samfunns-økonomisk lønnsemda), vil bortfall av Bergensarmen, reelt sett innebere at ein slår beina under Haukelialternativet.

Hordaland Høgre sitt vedtak om å prioritere E134 over Haukeli er såleis ikkje noko støtte til   Haukelialternativet, men snarare eit bidrag til å trenere Haukeliprosjektet, dvs. det vegprosjektet i Noreg med desidert høgst samfunnsøkonomisk lønnsemd.

Prinsippet om utbygging etter samfunnsøkonomisk lønnsemd er elles eit prinsipp som Høgre tidligare har gjort seg til talsmann for på praktisk talt alle område. I spørsmålet om aust-vestsambanda forlet imidlertid Høgre dette prinsippet og medverkar til eit meirforbruk av fellesskapet sine midlar i ein storleiksorden på fleire ti-tals milliardar kr.

Share This