Høgre audmjukar brukarane av E134

Hordaland Høgre

Regjeringa, med Høgre i spissen, har neglisjert krystallklare faglege råd frå eige fagdirektorat. Særleg er det Høgre i Hordaland og Bergen – her ved statssekretær Tom-Christer Nilsen, statsminister Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland – som vil ha ei anna løysing.

Meld. St. 33 Nasjonal transportplan 2018–2029, som vart lagt fram 5. april 2017, var for brukarane av E134 verre enn dei største skeptikarane kunne frykte. Regjeringa, med Høgre i spissen, har i meldinga neglisjert krystallklare faglege råd frå eige fagdirektorat (Statens vegvesen) og audmjuka brukarane av E134.

Gjennom aust-vestutgreiingane har Statens vegvesen (SVV) til fulle dokumentert at Haukeli-alternativet (E134) er det desidert beste sambandet med ei samfunnsøkonomisk lønnsemd på 26 mrd. kr. Det fyrste regjeringa har gjort i Nasjonal transportplan, er å radere ut dei delar av oppgraderingsplanane for E134, som gjev lønnsemd. Desse er Statens vegvesen sin tilrådde traséomlegging i Telemark (frå Seljord til Rauland), samt armen mot Bergen. Ved desse grepa har regjeringa redusert den samfunnsøkonomiske lønnsemda frå 26 mrd. kr til null.

For å etablere eit vintersikkert samband over Haukeli (E134) i tråd med intensjonane frå aust-vestutgreiingane, er nye Haukeli-tunnelar ein klar føresetnad. I den førre Nasjonale transportplanen (St. 26 Nasjonal transportplan 2014-2023) føresette Stoltenberg-regjeringa at det i siste 6-års perioden (2018–2023) skulle løyvast statlege midlar til å starte bygging av nye Haukeli-tunnelar mellom Vågsli og Seljestad. Til tross for den omfattande dokumentasjonen om aust-vestsambanda, som Statens vegvesen har lagt fram dei siste åra, har noverande regjering gjort framlegg om å utsette oppstart av nye Haukeli-tunnelar på ubestemt tid (etter 2024).

På austsida av Langfjella sit vi att med parsellen Saggrenda-Gvammen (Kongsberg-Hjartdal) som har eit generelt stort oppgraderingsbehov. Heller ikkje her har regjeringa funne rom for noko som helst i planperioden (2018–2029), korkje løyvingar til gjenståande planprosessar eller til oppstart av anleggsarbeid.

På vestsida av Langfjella har vi ein tilsvarande parsell, Solheim–Bakka (Vindafjord–Etne). Denne parsellen har også eit stort oppgraderingsbehov, men regjeringa har heller ikkje her funne rom for noko som helst i planperioden, korkje til planprosessar eller anleggsarbeid.

Brukarane av E134 sit såleis fullstendig ribba tilbake. Dei løyvingar som er lagt inn i Nasjonal transportplan 2018–2029, omfattar berre igongsette prosjekt i Seljordstraseen (Gvammen–Århus og Seljord–Åmot), som Statens vegvesen har frårådd som framtidig traséframføring for ny E134 gjennom Telemark.

Vegforum Øst-Vest meiner Nasjonal transportplan 2018–2029 er ein grov provokasjon mot brukarane av E134. I ein situasjon med mange oppgraderingsynskje frå det ganske land, vil det med avgrensa budsjettrammer vera særskilt naudsynt å prioritere dei beste prosjekta. Aust-vestutgreiingane har synt at det knapt finst prosjekt med større lønnsemd enn E134. Difor kan vi ikkje finne oss i at regjeringa set planane for E134 på vent på ubestemt tid, men krev at dei klare tilrådingane frå Statens vegvesen vert fylgt opp med bindande løyvingar.

For Vegforum Øst–Vest: Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset, Nicolai Østhus
Share This