Gvammen–Vågsli: Full støtte til Statens vegvesen i høyringsfråsegn frå Vegforum Øst–Vest

35 kilometer å spare: Nordlig trasé Gvammen–Vågsli over Rauland i rødt, dagens omvei om Seljord i grått lenger sør. Kart: Statens vegvesen.

35 kilometer stuttare: Korridor nord Gvammen–Vågsli i raudt, noverande trasé i grått. Kart: Statens vegvesen.

«Vegforum Øst-Vest sluttar seg til konklusjonane i KVU-rapporten for parsellen Gvammen-Vågsli, der Statens Vegvesen (SVV) tilrår ny trasé nord for noverande E134 etter alternativ Korridor nord. Dette vil gjere vegen 35 km stuttare og korte inn reisetida med meir enn 50 minuttar i høve til noverande trasé.

Vegforum Øst-Vest vil understreke at E134 sitt potensiale ikkje vert utnytta utan realisering av armen mot Bergen. Difor må det snarast råd setjast i gong KVU-arbeid for Bergensarmen,» skriv Vegforum Øst–Vest som oppsummering og konklusjon i høyringsfråsegna til Statens vegvesen.

Les heile høyringsfråsegna her

Share This