Gol–Voss: E134 må prioriterast, Rv52 betre enn Rv7, skriv Vegforum Øst–Vest i høyringsfråsegn

Print

Dersom det i tillegg til E134 skal etablerast eit nordleg aust-vestsamband, er Rv. 52 det beste alternativet, meiner Vegforum Øst–Vest.

”E134 med arm mot Bergen er det aust-vestsambandet som dekkjer aust-vestfunksjonen for Bergensområdet på den samfunnsøkonomisk mest optimale måte. Av KVU-rapporten Gol-Voss framgår at dei alternative aust-vestsambanda for Bergensområdet, Rv. 7 og Rv. 52, har samfunnsøkonomiske meirkostnader i storleiksorden 25-30 mrd. kr. Ut frå samfunnsøkonomiske omsyn må difor E134 prioriterast i komande Nasjonale transportplan,” skriv Vegforum Øst–Vest i høyringsfråsegna til KVU-rapporten frå Statens vegvesen (SVV). Men dersom det i tillegg til E134 skal etablerast eit nordleg aust-vestsamband, er Vegforum Øst-Vest samd med SVV i at Rv. 52 er eit langt betre val enn Rv. 7.

Les heile høyringsfråsegna her

Share This