Fylkesrådmannen i Telemark: Ja til nordleg trasé for E134

 

Fylkesrådmann Evy-Anni Evensen seier ja til nordleg trasé, og nei til omveg om Seljord for trafikken mellom aust og vest. Foto Dan Riis / Telemark fylkeskommune

Fylkesrådmann Evy-Anni Evensen seier ja til nordleg trasé, og nei til omveg om Seljord for trafikken mellom aust og vest. Foto Dan Riis / Telemark fylkeskommune.

Fylkesrådmann i Telemark, Evy-Anni Evensen, meiner E134 i Vest-Telemark i framtida må få heilt ny trasé frå Gvammen til Vågslid, skriv Vest-Telemark Blad i avisa frå i dag. Ho tilrår også at viktige riks- og fylkesvegar i prosjektområdet knytt til korridor nord blir rusta opp, dette for å motverke negative verknader for områda langs dagens trasé.

Fylkesrådmannen tilrår at det blir lagt vekt på det nasjonale perspektivet i saka: «E134 frå Haugesund til Drammen, med arm til Bergen og Grenland/Vestfold (Rv36) vil vere eit nasjonalt hovudsamband mellom Vest- og Aust-Noreg som løyser overordna transportutfordringar i Sør-Noreg, og gjev svært god samfunnsøkonomisk lønsemd”, skriv ho i tilrådinga.

Klårt beste

Der peiker ho vidare på at det er denne løysinga Statens vegvesen ser som den klårt beste, og at alternativet svarar best på Samferdselsdepartementet sitt samfunnsmål og det definerte prosjektutløysande behovet. Løysinga gjev også ein god miljøeffekt og løyser nåverande vinterproblematikk på strekninga, meiner Evensen.

Fylkesrådmannen ser det som viktig at fylkespolitikarene i Telemark stør Vegvesenet når etaten tilrår at viktige riks- og fylkesvegar i prosjektområdet knytt til korridor nord blir rusta opp, dette for å motverke negative verknader for områda langs dagens trasé.  Ho peiker òg på behovet for god tilkopling til eksisterande vegnett, og for å leggje til rette for gode løysingar for landbruk og anna næringsverksemd.

Konseptvalutgreiing for bergensarm

I tilrådinga blir det minna om at Rv36 har ei spesielt viktig rolle som bindeledd for trafikk mellom E134 og E18/Grenland og Larvik hamn, og at vinterproblematikken på E134 Seljestad–Vågslid og Åmot–Vinjesvingen er kritisk og må løysast. ”Og Telemark fylkeskommune legg til grunn at arbeidet med konseptvalutgreiing for arm til Bergen blir sett i gang så raskt som mogleg”, avsluttar fylkesrådmannen forslaget sitt.

Hovudutval for samferdsel i Telemark er i neste veke dei fyrste i fylkespolitikken som skal kome med innstilling som skal vidare til fylkesutvalet. Fylkestinget avgjer innhaldet i høyringsfråsegna i starten av desember.

Les heile artikkelen i Vest-Telemark Blad (betalingsmur)

Share This