Fullstendig feil om feilinvestering

35 kilometer å spare: Nordlig trasé Gvammen–Vågsli over Rauland i rødt, dagens omvei om Seljord i grått lenger sør. Kart: Statens vegvesen.

35 kilometer å spare: Nordleg trasé Gvammen–Vågsli over Rauland i raudt, omvegen om Seljord i grått. E134 skal vere et hovudsamband mellom aust og vest. I eit slikt perspektiv kan ikkje omsynet til lokalinteressene få avgjerande vekt.  Kart: Statens vegvesen.

Johannes Rindal i Seljord Senterparti kunne måndag førre veke fortelje NRK Telemark at den nye traséen for E134 mellom Hjartdal og Grungedal, som Statens vegvesen (SVV) har gjort framlegg om, ville vera ”århundrets feilinvestering”. Rindal si grunngjeving er at traséen vil gjere det vanskeleg å utvikle distrikta i Telemark. Slik står Rindal fram som ein typisk representant for dei nærsynte lokalinteressene som gjennom tiår har prega norsk vegpolitikk, til fortrengsel for heilskapelege og overordna nasjonale omsyn.

Av Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset, Nicolai Østhus, Vegforum Øst–Vest

Særinteressene har ofte vunne fram, og dette er ein av hovudårsakene til at Noreg har eit av dei dårlegaste og minst rasjonelle vegnetta i Europa. Og diverre er Rindal berre ein av fleire som no kjempar med nebb og klør for at den lange omvegen om Seljord skal vera vegtraséen, også i framtida.

E134 si overordna oppgåve er å fungere som hovudsamband mellom Oslofjord-området og Vestlandet sør for Sognefjorden (Bergen-Stavanger) med ei folkemengd på høvesvis to og ein millionar menneske, og tyngda av norsk næringsliv. I eit slikt perspektiv kan ikkje omsynet til kommunane i Telemark mellom Gvammen og Grungedal – Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje – få avgjerande vekt. Dette inneber sjølvsagt ikkje at ein skal sjå bort frå kommunane sine interesser, men interessene må takas vare på med oppgradering av eksisterande tilførselsvegar, slik SVV har gjort framlegg om.

Tala i konseptvalutgreiinga frå SVV seier det meste: Ny innkorta trasé nord for noverande E134 vil gjere vegen mellom aust og vest 35 kilometer stuttare, og redusere reisetida med 26 minuttar, samanlikna med om den nye vegen skulle gå om Seljord. Høgdeskilnadene vert mindre, og med det drivstoffbruk og utslepp. Skilnadene i samfunnsøkonomisk lønnsemd er rundt 13 milliardar kroner i favør av Raulands-alternativet.

SVV sine planar vil gje føremoner for alle kommunar langs E134 på strekninga mellom Haugesund og Drammen gjennom reduserte reiselengder og generell standardheving. I kombinasjon med oppgradering av tilførselsvegane vil føremonene også merkast i bygdene mellom Gvammen og Grungedal.

Med andre ord: SVV sine framlegg om innkorta og oppgradert trasé via Rauland framstår som ei særs god investering. Alternativet til Johannes Rindal og meiningsfeller kan derimot kome høgt på lista over absurde feilinvesteringar i det norske vegnettet.

Innlegget er også publisert i Vest-Telemark blad 27. oktober

Share This