E134, Nasjonal transportplan og Nye Veier AS

Nikolai Astrup: Vegforum Øst-Vest meiner at lovnadene hans om at Høgre er garantist for at Nasjonal transportplan vert gjennomført i Telemark er uforpliktande og har avgrensa verdi. Men E134 vil vera eit naturleg supplement av porteføljen til Nye Veier AS, og dette vil innebere at vegstrekningen vert oppvurdert og prioritert. Foto Pia Prestmo, Wikimedia Commons.

Leiar i Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomité, Nikolai Astrup, hevdar i lesarinnlegg i Telemarksavisene, 23. august 2017, at Høgre vil vera garantist for at Nasjonal transportplan vert gjennomført i Telemark, jamfør Meld. St. 33 (2016–2017) og Innst. 460 S (2016–2017). Etter som regjeringspartia ikkje har gjort framlegg om å løyve ei einaste krone til prosjekt, som inngår i Statens vegvesen sin anbefalte trasé for E134 før i siste del av planperioden (2024-29), er lovnadene frå Nikolai Astrup, etter vår oppfatning, heilt uforpliktande og har avgrensa verdi.

Av Svein Sem, Halvor Grene, Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset, Nicolai Østhus for Vegforum Øst–Vest

Når vi samstundes veit at det fyrst skal avviklast to stortingsval, ja kanskje tre stortingsval, før den fyrste statlege krona kjem på plass til finansiering av nye Haukeli-tunnelar, er regjeringa si flagging av E134 som å kaste blår i augo på dei mange i distrikts-Noreg som sårt treng eit betre aust-vestsamband. Høgre hevdar generelt å vektlegge prinsippet om utbygging etter samfunnsøkonomisk lønnsemd, men har i praksis sytt for at det desidert mest lønnsomme aust-vestsambandet er sett bakerst i køen. Høgre har då også neglisjert krystallklare vegfaglege råd frå Statens vegvesen, mellom anna framlegget om å igongsette ei konseptvalutgreiing for armen til Bergen, og såleis medverka til å undergrave E134.

Av merknadene til Nasjonal transportplan frå transport- og kommunikasjonskomitéen går det fram at Arbeidarpartiet og Senterpartiet syner ein langt større vilje til å satse på E134 enn regjeringspartia. Senterpartiet gjer mellom anna framlegg om at arbeidet med nye Haukeli-tunnelar vert starta opp i fyrste del av planperioden (2018-2023) og at statlege midlar på 1,2 mrd. kr blir framskuva for å finansiere ein forsert anleggsstart.

Vegforum Øst-Vest noterer elles at stortingsrepresentant, Geir Bekkevold, KrF, går ut i Telemarksavisene, 23. august 2017, med framlegg om at E134 vert overført til Nye Veier AS sin portofølge. Vegforum Øst-Vest støttar framlegget frå Geir Bekkevold. Etter som regjeringa synes å ha gjeve Nye Veier AS betre rammevilkår enn Statens vegvesen, vil overføring av E134 til Nye Veier AS kunne vera det som skal til for å bringe vegen ut av den bakevja den no er komen opp i. På den eine side vert det i Nasjonal transportplan sagt mykje positivt om E134 sitt potensial i det norske vegnettet, men utan at Stortinget tek konsekvensane av det som vert sagt. Erkjenninga av E134 sin viktige rolle i det framtidige norske vegnettet kan ein mellom anna sjå ved at ein samla transport- og kommunikasjonskomité slutta seg til framlegget om å forlenge E134 frå Drammen og austover ved at RV 23 vert omklassifisert og tilkopla E6 (ved Vassumkrysset).

Vegforum Øst-Vest meiner at E134 vil vera eit naturleg supplement av porteføljen til Nye Veier AS, og vil innebere at E134 vert oppvurdert og prioritert som dei øvrige vegane i Nye Veier AS sin portofølge (E6 Trøndelag, E6 Mjøsregionen, E18 Sør-Østlandet og E39 Sør-Vestlandet). Vegforum Øst-Vest vil særskilt framheve Nye Veier AS sin fokus på heilskapleg planlegging og utbygging, samt vektlegging av samfunnsøkonomisk lønnsemd, inkludert netto ringverknader som trafikktryggleik og samfunnstryggleik.

Innlegget er også trykt i Telen 
Share This