Bakka–Solheim: Ambisjonsnivået må hevast monaleg, går det fram av høyringsfråsegn frå Vegforum Øst-Vest

Vegforum Øst-Vest meiner at E134 i framtida vil bli det desidert viktigaste sambandet mellom Vestlandet sør for Sognefjorden og Oslofjord-området, og at parsellen mellom Solheim og Bakka vil få ein monaleg auke i trafikkvolum dei næraste åra. Årsaka er primært gjennomføringa av Rogfast, som saman med dei andre oppgraderingsprosjekta på E134 vil gjere at Stavanger og Nord-Jæren får korta reiseavstanden til Austlandet med rundt 10 mil, samanlikna med å nytte E39 til Kristiansand og E18 vidare mot Austlandet. Dette går fram av ei høyringsfråsegn til Statens vegvesens framlegg til kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E134 Bakka–Solheim. Etter Vegforum Øst-Vest si oppfatning bør ambisjonsnivået for vegstandarden på parsellen hevast monaleg i høve til dei føresetnader som er lagt til grunn i planprogrammet. Ei framtidsretta standard vil, her som elles på E134, vera fire-felts motorveg, går det fram av høyringsfråsegna. Vegforum Øst-Vest er elles nøgd med Statens vegvesen sine trasépreferansar, som med unnatak av parsellen frå Håfoss til Bakka samsvarer med vegforumet sine vurderingar.

Parsellen mellom Solheim og Bakka vil etter Vegforum Øst-Vest sin oppfatning få ein monaleg auke i trafikkvolum dei næraste åra. Ein framtidsretta standard på denne parsellen vil vera ein fire-felts motorveg.

Parsellen mellom Solheim og Bakka vil etter Vegforum Øst-Vest sin oppfatning få ein monaleg auke i trafikkvolum dei næraste åra. Ein framtidsretta standard på denne parsellen vil vera ein fire-felts motorveg.

 

Statens vegvesen Region vest
Askedalen 4
6863 Leikanger

Førresfjorden, 4. mai 2015

 

E134 BAKKA-SOLHEIM. HØYRING AV FRAMLEGG TIL KOMMUNEDELPLAN MED KONSEKVENSUTGREIING

Vegforum Øst-Vest syner til Dykkar høyringsbrev av 25. mars 2015 vedkomande ovanståande og vil kome med følgjande merknader:

Generelle merknader.

Vegforum Øst-Vest meiner at E134 i framtida vil bli det desidert viktigaste sambandet mellom Vestlandet, sør for Sognefjorden og Oslofjordområdet. I dag soknar ei folkemengd på nærare 3 millionar til vegen og denne folkemengda vil i høve til SSB sine analysar auke til rundt 4 millionar i 2030. Parsellen mellom Solheim og Bakka er ein viktig del av det framtidige hovudvegsambandet mellom Vestlandet og Austlandet.

Parsellen mellom Solheim og Bakka vil etter vår oppfatning få ein monaleg auke i trafikkvolum dei næraste åra. Dette skyldes primært gjennomføringa av Rogfast som saman med øvrige oppgraderingsprosjekter på E134 (nye Haukelitunneler m.m.) vil innebære at Stavanger og Nord-Jæren får redusert reiseavstanden til Austlandet med rundt 10 mil, samanlikna med å nytte E39 til Kristiansand og E18 vidare mot Austlandet.

Etter Vegforum Øst-Vest si oppfatning bør ambisjonsnivået vedk. vegstandard på denne viktige parsellen mellom Solheim og Bakka hevast monaleg i høve til dei førestenader som er lagt til grunn i planprogrammet. Ein fremtidsretta standard på denne parsellen, vil som elles på E134, etter vår oppfatning vera ein fire-felts motorveg. Ved evt. gjennomføring av vegen med lågare vegstandard, er det viktig at det under planlegging og gjennomføring vert teke høgde for at vegen på sikt vert utvida til fire-felts veg, mellom anna ved bandlegging av areal og ved utforming av vegen sin kurvatur.

Vegforum Øst-Vest meiner generelt at det er uheldig at Vegnormalane er lagt opp slik at vegstandard primært vert bestemt ut fra trafikkmengd. Ut frå omsynet til nasjonale mål som mellom anna redusert reisetid, burde vegen sin funksjon som hovudsamband mellom to viktige landsdelar, vore styrande for val av veinormalstandard.

Merknader til SVV sine trasépreferansar.

Vegforum Øst-Vest er generelt svært nøgd med SVV sine trasépreferansar for strekninga Bakka-Solheim, som med unnatak av parsellen frå Håfoss til Bakka, samsvarer med våre vurderingar, jamfør Vegforum Øst-Vest si høyringsfråsegn til SVV av 5. februar 2014.

Vegforum Øst-Vest meiner at SVV sine analyser ikke fangar opp potensialet for nyskapt trafikk som resultat av at E134 med forgreningar på sikt vil skape større samanhengande arbeidsmarknader, og at vegen vert ei naturleg hovedåre mellom Austlandet og Vestlandet. Medan Statens Vegvesen har kalkulert med ein årsdøgnstrafikk (ÅDT) på 8250 i 2050, meiner Vegforum Øst-Vest at vegen har eit større potensial og vil på sikt kunne forsvare ein standard som fire-felts motorveg. I denne omgang er det spesielt viktig at parsellen frå Etne til Bakka vert oppjustert frå H4 til H5. Samstundes må heile strekninga frå Bakka til Solheim plan- leggjast på ein slik måte at det seinare vert enkelt med oppgradering til fire-felts motorveg.

Vegforum Øst-Vest meinar at vegkryss generelt vil kunne medføre oppstykking av trafikken og redusert trafikkflyt. Difor bør antal vegkryss reduserast så mykje som mogleg. Vegforum Øst-Vest har merka seg at det berre på strekninga mellom Ølen og Bakka er gjort framlegg om bygging av 5 vegkryss (Fikse, Vågen, Mo, Hovland og Noreim), og vi vil be SVV om å vurdere antalet på ny.

Vegforum Øst-Vest sin oppsummering med konklusjonar:?
  • Vegstandarden på parsellen frå Etne til Bakka bør oppjusterast frå H4 til H5.
  • Ved planlegging og gjennomføring av vegen (Solheim-Bakka) må det takast omsyn til at vegen på sikt vert utvida til fire-felts veg, mellom anna ved bandlegging av areal og ved utforming av vegen sin kurvatur.
  • ?Antal vegkryss bør vurderast redusert.

 

Vegforum Øst-Vest
Nicolai Østhus

Share This